1. påskedag – ein viktig dag for dei kristne

I dag er 1. påskedag - det er dagen då Jesus stod opp frå dei døde

Påska er eit vårteikn – der alt spirar og gror. Men det er òg ei viktig høgtid for dei kristne.

Grunnen til at vi har påske kjem frå Bibelen, der me får høyre at Jesus døydde på korset.

Ein vanleg måte å henrette på

I påska feirar dei kristne at Jesus stod opp frå dei døde. I påska blei nemleg Jesus fanga og hengt på korset. Det var ein normal måte å henrette folk på, på den tida han levde. Det som er så rart med Jesus sin død, var at han stod opp frå dei døde, og det er det påska handlar om.

Presten skiftar farge

Prestar har eit lilla band på seg før påskedagen. Det kjem av at ein ventar på den store festen då Jesus stod opp frå dei døde. På påskedagen har prestane på seg eit kvitt band som betyr fest. Men sjølv om lilla og kvitt er kyrkja sine påskefargar er gul den fargen mange forbinder med påske.