Finalist i skrivekonkurransen: Elise Gjerde Engh

Elise (13) er ein av finalistane i konkurransen. Ho kjem frå Ulstein kommune og går på Hasund skule. Skrivekonkurransen var i regi av Foreningen !les og Framtida junior.

Elise blei ein av finalistane i skrivekonkurransen. (Foto: Mariette Elise Gjerde).

Elise har skrive ein biografi over Noregs statsminister. Du kan lese teksten lengre nede i saken.

I juryen sat redaktørane Bente Lothe Orheim (Gyldendal) og Elen Betazo (Samlaget) samt Guro Kristin Gjøsdal frå Nynorsksenteret. Dette var juryen si grunngiving om vinnarteksten:

Teksten er fint strukturert, og forfattaren av teksten har valt ut interessante fakta om Noregs statsminister. Det er nok mange som kan identifisere seg i fleire av tinga som blir fortald om Solberg i denne teksten, og det trur vi kan skape ekstra engasjement og lesedriv. Med eigne ord formidlar forfattaren presist og godt avgjerande hendingar i Solbergs liv. Pluss for å vise til kjelder.

Erna Solberg – speidaren som blei statsminister

Statsminister Erna Solberg. (Foto: Thomas Haugersveen/Statsministerens kontor)

Barndom og oppvekst

  1. februar 1961, vart Erna fødd i Bergen. I Bergen vaks ho opp med mammaen Inger Wenche, pappaen Asbjørn og dei to systrene Marit og Ingrid.

I 1967 starta Erna i 1. klasse på Starefossen skole. Ho har alltid likt å lære, og de munnlege gjekk fint, men då ho var 16 år fekk ho påvist dysleksi (skrivevanskar). Ho likte spesielt godt faga samfunnsfag, historie og geografi.

Speidar, korps og symjing

På fritida gjekk ho på korps, symjing og speidar. Ho synest at speidaren var ein skikkeleg god oppleving, der ho tidleg fekk kjenne på ansvar og tillit. I speidaren fekk dei fare på turar, organiserte dugnadar, fyrstehelp, lære å lese kart og kompass. Ho synest også det var flott at i speidaren, hadde alle sin plass, og det handla ikkje om kven som var best.

Frå 1979-80 gjekk Erna generell studiespesialisering som det heiter i vår tid, på Langhaugen vidaregåande skule i Bergen. Erna blei meir og meir interessert i jenter si rett til utdanning, og vart leiar for Operasjon Dagsverk og medlem av sentralstyret i Elevorganisasjonen, som då heitte Norges Gymnasiastsamband.

Erna blir politikar

Det var tre temaa som var viktige for Erna: Utviklingsland og det å bidra internasjonalt, likestilling og skulepolitikk. Erna synest at det var Høgre som hadde dei beste løysingane.

I 1980 vart Erna valt som formann i Bergens Unge Høyre og viseformann i Hordaland Unge Høgre. Erna var mest opptatt av likestilling, bistand kvinners utdanning i fattige land, medan det var mange av mennene som helst ville snakke om skatt.

I 1989 blei Erna valt som representant på Stortinget frå Hordaland for første gong, og var det yngste medlemmet som 28-åring. I 2001 blei Erna spurt om ho ville vere Kommunal- og regionalminister. Erna sa ja uten å nøle, og i 2004 var ho blitt partileiar.

Familielivet

I 1996 gifta Erna seg med Sindre Finnes i Paris, men dette gjorde dei i all hemmelegheit. Eit år seinare fekk dei ei dotter som heiter Ingrid, og i 1999 fekk dei sonen Erik. Begge vaks opp i Oslo, pga. jobben til Erna på stortinget.

Den andre kvinnelege statsministeren i Noreg

I 2013 hadde Høgre det beste valget på 28 år. Høgre gjekk fram med 9,6 prosent, og Høgre blei nest størst. Erna vart statsminister, og i 2017 vart ho valt igjen.

Ho har skrive boka Mennesker, ikke milliarder. Boka handlar om møte med forskjellige personar.