Finalist i skrivekonkurransen: Mari Krumsvik Mosnes

Mari er ein av finalistane i konkurransen. Ho kjem frå Fister i Hjelmeland kommune. Mari har skrive ein biografi om Therese Johaug. Skrivekonkurransen var i regi av Foreningen !les og Framtida junior.

Teksten kan du lese lengre nede i saken.

I juryen sat redaktørane Bente Lothe Orheim (Gyldendal) og Elen Betazo (Samlaget) samt Guro Kristin Gjøsdal frå Nynorsksenteret. Dette var juryen si grunngiving om vinnarteksten:

I denne teksten ser ein tydeleg at forfattaren har stor respekt og engasjement for den som det blir skrive om. Ved å uttrykket begeistring, vise til både høgdepunkt og nederlag i karrieren til Johaug, får vi vite mykje. Teksten er godt strukturert, og balanserer det saklege og personlege på ein god måte. Pluss for å vise til kjelder.

Therese Johaug er ei rå dame

Therese Johaug i eit tidlegare skirenn. Foto: langrenn.com

Therese Johaug er ei dame med kraft og vilje. Langrennssporten har aldri sett maken til nokon med den kapasiteten og treningsviljen.

Mari Krumsvik Mosnes

Therese Johaug er ei dame som kjem frå den bitte lille tettstaden Dalsbygda. Ei bygd med kring 500 innbyggarar. Der blei Therese Johaug fødd. Verdas beste langrennsløpar! 

Therese blei født 25. juni i 1988. Ho har ein storebror som heiter Joakim, ein veslebror som heiter Karstein og ei veslesøster som heiter Veronika.

Johaug er særleg kjent for å være god på lengre distansar og fysisk krevjande løyper, som avslutningsetappen i Tour de Ski opp slalåmbakken i Val di Fiemme.

Leppekremen

I 2016 testar Johaug positivt på ein dopingprøve. Ho hadde brukt eit forbode stoff som heiter klostebol. Det stoffet hadde ho fått gjennom ein leppekrem mot munnsår. Ho blei året etter dømt til 18 måneders utestenging frå konkurranse fram til 18. april 2018, noko som gjorde at ho blant anna gjekk glipp av OL i Sør-Korea i 2018.

Tener gode pengar

Johaug har vunne 10 VM-gull og 1 OL-gull, og har til saman 17 medaljar i OL og VM. Ho har til saman 72 sigrar i verdenscupen. Ho har også vunne Tour de ski samanlagt tre gonger. Ho har og 12 individuelle NM-gull, NM-gull i friidrett på 10 000 meter og i terrengløp.

I 2016 starta Therese sitt eige klesmerke med namnet JOHAUG. På dette tener ho veldig mykje, for butikken sel godt. Dette er gjer at Johaug tener veldig mykje på eit år, fordi i tillegg til klesmerket tener ho på å vinne løp, og det gjer ho jo veldig ofte. Til no i sesongen har ho tent 2,58 millioner kroner.

No er ho rekna som verdas beste kvinnelege skiløpar. Ho er eit stort forbilde for mange. Når ho legg opp kan ho sjå tilbake på ein fantastisk idrettskarriere!