Slik ser koronaviruset eigentleg ut

Visste du at koronaviruset heiter SARS-CoV-2, medan sjukdommen heiter covid-19?

Faktasjekknettstader har eit svare strev med å rydde opp i falske nyhende som følgje av koronapandemien.

Av den litt mindre alvorlege feilinformasjonen er korleis koronaviruset, som heiter SARS-CoV-2, faktisk ser ut.

Det har faktasjekknettstaden Faktisk.no teke føre seg:

Illustrasjonen som vanlegvis vert brukt på koronaviruset SARS-CoV-2 er ein 3D-illustrasjon laga av amerikanske Centers for Disease Control and Prevention (CDC).

Amerikanske National Institute of Allergy and Infectious Diseases (NIAID) har lagt ut ei rekkje bilete på sin opne Flickr-konto, som viser korleis viruset eigentleg ser ut gjennom mikroskopet.

På bileta frå mikroskopet kan ein sjå antydningar til piggane, som har gitt koronaviruset namnet sitt. Foto: NIAID-RML

Andre misforståingar som kan vere verd å merke seg om det nye koronaviruset som herjar heile verda er at viruset heiter SARS-CoV-2, medan sjukdommen viruset fører med seg heiter covid-19.

Vidare har Språkrådet slått fast at korona på norsk skrivast med k og uttalast med vanleg norsk o-lyd, altså ein «trang» o som i kroneskriv direktør Åse Wetås i BT.