Vi får friskare luft av koronaviruset

No er veldig mange heime heile tida. Då blir lufta vår reinare.

Koronaviruset spreier mange dårlege nyhende. Men her er ein gladsak!

Sidan midten av februar har nivået av den helsefarlege gassen nitrogendioksid gått ned med 10 prosent kvar einaste veke over Nord-Italia,  skriv Ung.Forskning.no.

Når alle er heime, er det nemleg mindre folk som køyrer bil og forureinar ute.

Betre luft i Europa

Etter kvart har også resten av Europa blitt ramma av viruset. No ser forskarane i European Space Agency (ESA) at det same skjer med lufta fleire stader i Europa.

Forskarane brukar ein satellitt i verdsrommet, som tek bilete av jordkloten. Slik kan dei følge med på luftforureining rundt om i verda.

Kina har fått blå himmel

Kina har eit stort problem med at lufta er forureina. Himmelen er grå og full av forureining, men no er den blå. Forureininga kjem av at det bur mange menneske der, og at det er mange fabrikkar og industri.

Dette er spesielt gode nyhende for alle som har sjukdomar i luftvegane, som astma eller bronkitt. Det er nemleg disse sjukdomane nitrogendioksid er verst for.