Kina får skylda for rekordhøg forureining

Dei siste tre åra har utsleppa av CO2 flata ut, men no ser ein at utlseppa har auka med nesten to prosent.

Forureininga i verda har stige med omlag to prosent, melder NRK.no.

Totalt vil karbonutslepp frå fossile kjelder og industri kome opp mot  37 milliardar tonn før året er omme. Det er ny rekord.

Kina har auka utsleppa med 3,5 prosent. I Kina kjem mykje av energibruken frå kolkraftverk, som fører til store utslepp av CO2 og gir svært dårleg luft.

Det er NRK.no som fyrst omtala denne saka.