100 år sidan Kjell Aukrust blei fødd

19. mars, hadde Kjell Aukrust fylt 100 år. Det er han som står bak persongalleriet i Flåklypa Grand Prix.

Flåklypa Grand Prix er ein norsk dokkefilm frå 1975 regissert av Ivo Caprino og med Kjell Aukrust som ein av manusforfattarane.

«Sjuogtredve mil nordover, litt øst og oppover, ligger Flåklypa, ei lita fjellbygd under himmelhvelvingen. Sjølberga med både dampysteri og campingplass, lokalavis og egen TV-sender. Fritt for vær og vind, akkurat der morgensola renner opp over Storjuvet, bor sykkelreparatør Reodor Felgen og hans to assistenter.»

Dei to assistentane er:

Optimisten Solan Gundersen

Og den evige pessimisten Ludvig.

Flåklypa Grand prix er ein av dei mest sette norske filmane nokon sinne. Det har blitt ein tradisjon at filmen også blir sendt på TV i jula.

Det har kome to Flåklypa-filmar i ettertid

  • Herfra til Flåklypa (2015)
  • Månelyst i Flåklypa (2018)

Kjell Aukrust var skribent, kunstmalar, illustratør, teikneserieskapar og manusforfattar.

Har du sett Flåklypa Grand Prix?

Har du sett Flåklypa Grand Prix?

Ja70
Nei4
Veit ikkje4
Svar totalt: 78