Sjå dei utrulege bileta av verda i korona-karantene

Tomme gater, tomme seter, tomme fly, tomme bussar, tomme turistattraksjonar.

Osaka, Japan

Bilete er teke sundag 8. mars 2020. Foto: Kyodo News via AP

Bilete frå ein kamp mellom sumobrytarar under Spring Grand Sumo Tournament i Osaka, vest i Japan. Turneringa som varar i 15 dagar har gått uten tilskodarar på grunn av koronaviruset.

Milano, Italia

Italia er det europeiske landet som til no er hardast råka av koronaviruset, med over 21.000 personar bekrefta smitta. No er heile landet stengt ned, og vanlegvis folkerike plassar har fort vorte forlatte.

Foto: AP Photo/Luca Bruno

Ein tiggar går i eit tomt og forlatt Galleria Vittorio Emanuele II. Det eldste, aktive shoppingsenteret i Italia, som ligg i Milano og elles pleier vera ein turistmagnet. Bilete er teke torsdag 12. mars 2020.

Foto: AP Photo/Luca Bruno

Det plar kry av folk på Duomo-plassen i Milano, no er den folketom. Bilete av ei dame som einsam kryssar plassen torsdag 12. mars 2020.

Foto: Claudio Furlan/LaPresse via AP

Ein forlatt karusell i Milano, Italia torsdag 12. mars 2020.

Washington D.C, USA

Foto: AP Photo/J. Scott Applewhite

Bilete utanfor Capitolen i USA, der kongressen plar samlast. Bilete er teke tidleg fredag 13. mars 2020. Då var bygget stengt for turistar og ikkje-essensielle besøkande.

Fotball for tomme tribunar

Foto: UEFA via AP

Josip Ilicic (Atlanta) tek straffespark under Champions League-kampen mellom Valencia og Atlanta i Spania. Det var bestemt at kampen skulle gå utan publiku, på grunn av koronaviruset.

Muchen, Tyskland

Foto: Peter Kneffel/DPA via AP

Dei siste passasjerane på bagasjeinnsjekkinga på flyplassen i München, torsdag 12. mars 2020. Donald Trump har innført innreiseforbod frå Europa til USA, og fleire europeiske land har innreiseforbod til eige land og frarådar reise til andre land. Dette gjeld også i Noreg.

Boston, USA

Foto: AP Photo/Steven Senne

Folk går gjennom eit nesten folketomt Quincy Market i Boston, onsdag 11. mars 2020. Gata er normalt eit populært turistområde.

Madrid, Spania

Foto: AP Photo/Bernat Armangue

Eit tomt galleri på El Prado Museum i Madrid, Spania. Bilete er teke torsdag 12. mars 2020. Også kulturlivet vert påverka av koronavirus-utbrotet, folk held seg heime og samlingsstadar som dette held stengt. For første gong på 80 år stenger museet, som har verk av mellom anna Francisco de Goya og Diego de Velazquez. Førre gong dei måtte stenge var under den spanske borgarkrigen (1936-39).

Roma, Italia

Foto: Claudio Furlan/LaPresse via AP

Bilete av Spansketrappa i Roma er teke torsdag 12. mars 2020. Trappene er normalt eit populært turistmål for mange. I Italia er det innført strenge restriksjonar og det meste er no stengt.