Maximilian (15) er ein populær kunstnar

Maximilian Svensson er den yngste kunstnaren som nokon gong har stilt ut måleri på Åland kunstmuseum i Sverige.

Den unge kunstnaren har allereie hatt utstilling på både Ålands Museum og Lars Lerins Museum & Art Hall. No drøymer han om å ta kunsten sin med til New York eller Berlin.

– Det var veldig gøy at så mange kom. Eg fekk ha verkstad på museet der eg fekk vise fram kva eg tenkjer når eg målar og korleis eg prøver å få til dei motiva eg prøver å lage. Det var kjempegøy! seier Maximilian til Framtida Junior.

– Det var ei fantastisk oppleving å komme dit og ha ein utstilling

3300 menneske såg måleria han hadde laga i Åland.  

FYRSTE GONG: I 2016, då han var 11 år, viste Maximilian fram måleria sine for publikum for fyrste gong. Foto: Privat

Starta då han var fem år

Då Maximilian var fem år starta han å måle, og då han var åtte år oppdaga han ei bok med akvarellmåleri av kunstnaren Lars Lerin heime hos besteforeldra. Det var då han verkeleg starta å interessere seg for kunst. Etter han hadde sett på boka, leita han etter meir inspirasjon på YouTube for å lære alt om teikne- og måleteknikkar. 

Møtte idolet sitt

I 2016, då han var 11 år, viste han fram måleria sine for publikum for fyrste gong. Ein ven av faren hans ga beskjed til avisene om at Maximilian skulle ha utstilling, og hundrevis av menneske kom for å sjå. 

YOUTUBE: Den unge kunstnaren har leita etter mykje inspirasjon på YouTube for å lære alt om teikne- og måleteknikkar. Foto: Privat

Lars Lerin, målaren som er Maximilian sitt idol, fekk også med seg kva som hende, og han var så imponert over måleria at han inviterte den unge kunstnaren til å ha ei eiga utstilling på Lerins berømte galleri, Sandgrund i Karlstad. Visninga av måleria vart ein suksess. For framtida har Maximilian planen klar:

– Å bli kunstnar på heiltid! Ingen tvil, seier han.

KLIMA: Maximilian har vann ein konkurranse arrangert av Uniqlo der han viste fram biletet «HOPE DIES». Det er ei påminning til alle om at vi må ta vare på miljøet. Foto: Privat

 

Maximilian sine tre beste tips til deg som vil bli kunstnar:

  1. Det vil gå opp og ned, men du må alltid kjempe vidare. Av og til kjenner du at du ikkje målar bra i det heile, men viss du held fram, vil det komme dagar der du lukkast, 
  2. Ha det gøy når du målar, og ikkje gjer det for å tjene pengar. Mal det du føler.
  3. Sjå på YouTube for tips om teknikkar og andre ting som kan gje deg nye idear!

 

MØTTE DRONNINGA:
Maximilian blei valt til å måle den offisielle Majblomman-plakaten i 2018. Dronninga av Sverige, Silvia, er Majblomman sin høgaste vernar, og kjøper den fyrste blomen kvart år for å starte om innsamlinga. Foto: Privat