Karantenetips: Ordleik i rutenett

Kva gøy kan du finne på heime? Leik ein ordleik i rutenett!

FAKTA: Kva er karantene?
  • Dei som er i karantene kan framleis gå ut av huset, dei skal berre ikkje gå på skulen jobb eller andre stader der det er samlingar av folk.
  • Karantene er ikkje det same som isolering. Heimeisolering skjer når ein mistenkjer smitte av viruset, eller at ein har tatt ein test som viser at ein er smitta. Då kan ein ikkje gå ut av huset.

(Kjelde: Folkehelseinstituttet)

LES FAKTALUKK FAKTA
  • Alle deltakarar får eit ark kvar der det er teikna opp eit rutenett.
  • Kvar deltakar, på rundgang, vel ein kategori som dei skriv inn på toppen (vannrett). Loddrett vel dei ein bokstav.
  • Rutene skal fyllast med ord som passar kvar kategori og bokstav i rutenettet.
  • Når det fyrste er ferdig, stoppar leiken.
  • Då les alle opp kva dei har skrive i dei ulike rutene.
  • Viss du ikkje har skrive noko, seier du berre “pass”. 

Kor mange ord blir det på kvar?

Kvar dag kjem vi med nye tips til kva du kan finne på heime. Har du eit tips du vil dele med andre? Sjå her: Kjekke aktivitetar i karantene: Send oss dine beste tips!