Regjeringa vil ha kjønnsnøytrale yrkestitlar

Statlege yrkestitlar skal ikkje lenger kunne innehalde orda «mann» eller «mor», ifølgje likestillingsminister Abid Raja (V).

Fakta om ikkje kjønnsnøytrale yrkestitlar
  • Det er fleire yrkestitlar vi bruker i dag, som ikkje er kjønnsnøytrale, som: Fylkesmann, lensmann, sivilombodsmann, rådmann, sysselmann, formann, tillitsmann.
  • Fleire liknande titlar er endra dei siste åra, slik som «helsesøster», som har vorte «helsesykepleier» og «riksmeklingsmann», som har vorte «riksmeklar».
LES FAKTALUKK FAKTA

Det fortalde Raja til Aftenposten då han deltok på markeringa for kvinnedagen på Youngstorget i Oslo sundag.

– Dette er på tide. Titlar som «fylkesmann» og «utanrikstenestemann» får oss til å tenkje at visse titlar er reserverte for eit bestemt kjønn. Somme titlar har vi endra, som «riksmeklingsmann», som har vorte «riksmeklar». No står dei andre for tur, seier Raja.

Stortingsfleirtalet bad i fjor dåverande kulturminister Trine Skei Grande (V) om å kartleggje yrkestitlar i staten for å bli kvitt dei som ikkje er kjønnsnøytrale. No er dette arbeidet gjort.

«Jordmor» er unntaket

Eitt unntak skal stå inntil vidare, og det er tittelen «jordmor».

– Vi har fått kartlagt kor jordmoromgrepet faktisk kjem frå. Det stammar frå ei tid då barnet vart teke imot på eit jordgolv. Så tok ein det frå jordgolvet og gav det til mor, altså «jordmor», seier Raja til Aftenposten.