Star Wars-fan fekk overrasking av Luke Skywalker

Isabella Tadkock (11) manglar eine arma. Ho ba om pengar på internett, for å kunne skaffe seg ei protese som kunne få henne til å bevege fingrane. No har ho fått ei protese som liknar R2-D2 si arm.

Biilete av R2-D2 Foto: May Wong/Flickr

Om du ikkje anar kven R2-D2 er så er det altså den vesle roboten som er med i Star Wars-filmane.

No har Isabella (11) frå Florida har fått ei armprotese, der ho kan bøye fingrane og plukke opp ting.

Ba om hjelp på internett

Isabella skreiv at ho trenge ei armprotese.

– Eg blei født utan fingrar på mi høgre hand. Mi venstre arm var kortare enn høgre, og hadde ein nub på enden. Etter mange operasjonar har eg tre fingrar og ein tommel på høgre hand, skreiv Isabell på nettstaden.

Pengane strøymde på, og ho fekk råd til å kjøpe seg ei avansert armprotese.

Skodespelaren, Mark Hamill, som spelte Skywalker tok kontakt med henne og sa at han hadde høyrt at ho var ein Star Wars fan, men at han var ein stor fan av henne.