Helsingforskomitéen er ein organisasjon som jobbar med menneskerettar. Då gjerne i dei gamle sovjettlanda i Aust-Europa.
Dei har laga ei liste over kvinner som har viktige historier å fortelje, og som viser dei største menneskerettsutfordringane kvinner i Europa har.
- LES OGSÅ: Kvinnedagen – 8. mars
– Vi bestemte oss for å lage denne kampanjen fordi det er så mange viktige historier og saker som vi vil setje fokus på, slik at ein i Noreg får vite meir om kva menneskerettsutfordringar det er i Europa i dag, seier Mina Wikshåland Skouen, leiar for avdeling for kjønns- og seksualitetsmangfald hjå Den norske Helsingforskomité.
I anledning kvinnedagen, 8. mars, presenterer Framtida junior tre av dei tolv kvinnene Helsingforskomiteen har retta fokus på i si kampanje.
Journalist Khadija Ismayilova

Khadija Ismayilovas har skrive om heimlandet Aserbajdsjan, der ho har avslørt grov korrupsjon. For dette har ho blitt fengsla og forfølgd. Journalisten får ikke lov til å forlate Aserbajdsjan.
Trebarnsmor Anastasia Schenko

Trebarnsmora er politisk fange. Ho har vore i husarrest sidan januar 2019, berre fordi ho har jobba for menneskerettane i Russland.
Journalist Lena Klimova

Den russiske journalisten byrja å skrive om dei homofile i Russland. I Russland er det ikkje lov å snakke eller skrive om homofili til mindreårige. Dette trossar Lena og er med på å gjere homofile meir synlege.
Fleire kvinner som jobbar for betre rettar er å finne på Den norske Helsingforskomité