Har du møtt denne hissigproppen på tur?

Du finn lemen oftast i fjellet, han har guloransje pels og svarte flekkar på hovudet og over ryggen. No har desse hissigproppane fått si heilt eiga bok.

Fakta om lemen:

Latinsk namn: Lemmus lemmus

Vekt: 35–135 gram, same storleik som ei mellomstor potet.

Storleik: Kroppsforma er avlang og litt tjukk, med korte bein. Kroppen er frå 7 til 15 cm lang, med ein liten hale på 1–2 cm.

Kjenneteikn: Lemenet har guloransje pels og svarte flekkar på hovudet og over ryggen.

Mat: Lemenet et gras, starr (også kalla halvgras) og mose.

Levealder: Truleg berre nokre månedar. I fangenskap har dei blitt 2–3 år.

Paringstid og fødsel: Etter paring tek det berre tre veker før ungane blir født. Lemen kan få så mange som 16 ungar i eit kull, men 5–7 er vanleg.

Kvar bur dei: Når det blir mange lemen i fjellet, kan dei legge ut på vandring og dukke opp i granskogen eller ved kysten.

(Kjelde: «Lemen – fjellets hjerte»)

LES FAKTALUKK FAKTA

Lemenet er ein gnagar som høyrer til hamsterfamilien. Mellom folk flest er lemenet kjend som ein evig hardhaus og ein skikkeleg hissigpropp. Men lemenet er svært viktig for både naturen og dyra på fjellet, og det har forfattarane Nina E. Eide og Inger Lise Belsvik skrive om. Dei har laga ei bok som har fått namnet «Lemen – fjellets hjerte», og Framtida Junior har fått lov å dele nokre spennande fakta frå boka. Inger Lise Belsvik er både forfattar og illustratør, så ho har både skrive og teikna for å vise fram korleis lemen lever i fjella.

FRAMSIDA: Slik ser den splitter nye boka ut.
Foto: Mangschou

Lemenår

Cirka kvart fjerde år er det lemenår. Då pilar det millionar av lemen rundt og fresar mot oss når vi er på tur i fjellet. Sjølv om dei er bitte små, et dei så mykje på plantane at vi kan sjå det på bilete satelittar tek frå verdsrommet.

Det tek to år å byggje opp eit lemenår. Men så blir tusen lemen til hundre tusen, som etter kvart blir til fleire millionar.

Får ungar om vinteren

I løpet av dei to lemenåra er det stor aktivitet under snøen i fjellet. I eit lite bol gøymt i bakken blir lemenungane født. Bolet er som ein lun sovepose fora med gras og mose. Inngangen til bolet ligg gjerne inntil store steinar, og mellom bola er det gangar og stiar. Gjennom fleire hundre år har lemen laga si eiga miniverd.

PÅ TUR: Forfattar Nina E. Eide har brukt mykje tid i fjella for å undersøkje korleis lemen lev der. Foto: Knut A. Haukelid

Stille i fjellet

Etter eit lemenår kjem eit botnår. Då sultar mange av rovdyra og rovfuglane som har lemen som sin favorittmat. Dei får heller ikkje ungar når det er så lite mat. Det blir stille i fjellet.

Endringar i klimaet og meir regn om vinteren, gjer livet vanskeleg for mange av dyra i fjellet, særleg for lemen.

Snøugla, fjelljoen og fjellreven, som har lemen som favorittmat, vil mest truleg bli borte viss det blir færre lemen. Utan lemen kan også mykje av fjellet gro til med krekling. Det er ei plante som ingen dyr likar å ete.