Kan lemen sprekke, eller er det tull?

Den illsinte gnagaren er har eit rykte på at han kan sprekke av sinne.

Det ser ut til at det vert lemmen-år i år. Det vil seie at den vesle gnagar-bestanden, som er mest vanleg i fjellstrok, kan vere å sjå om du traskar i veg på fjellet.

Nokre år er det meir enn andre år. Det varierar av kor mykje mat dei har, som mose og gras. I tillegg er dei glade i den kalde og snørike vinteren vi har hatt denne vinteren.

Kan lemenet sprekke?

Det er ei myte som seier at lemen kan sprekke av sinne. Det kan nesten sjå slik ut. Om du har sett eit lemen, så har du sikkert høyrt det også. Den hamsterliknande gnagaren ser illsint ut og trampar og hoppar i sinne. Men lemenet kan ikkje sprekke av sinne. Heldigvis!

Sjå video av det illsinte lemenet