Laga sin eigen skrekkfilm 

Barne- og ungdomsgruppa «Dysleksi Jæren» har laga skrekkfilm med Sigrid (13), Ragnhild (11) og Astrid (11) i skumle karakterar. Men ingen skrekkfilm utan skremmande lydar. Det sørga Sara Helen (12) for.

Fakta: Dysleksi Norge
  • Dysleksi Norge er ein organisasjon for alle med lese- og skrivevanskar, språkvanskar og matematikkvanskar.
  • Organisasjonen har lokallag i heile landet med totalt cirka 9000 medlemmar.
  • Lokallaga jobbar mellom anna med å lage spennande aktivitetar for barn og unge.
LES FAKTALUKK FAKTA

SJÅ FILM NEDST I SAKA

– Fyrst laga vi ei historie – men då vi kom ut til huset vi skulle bruke som kulisse i filmen, endra vi på heile manuset. Vi fann nemleg eit gamalt bilete som inspirerte oss, fortel Sigrid.

På det støvete, fargelause biletet såg dei ein familie.

– Det var bilete av foreldre og barn – men vi fekk ei kjensle av at nokon mangla på biletet. I vår fantasi var det eit tvillingpar som skulle vore der. Og det passa jo veldig godt – sidan eg har tvillingsystrer som ville spele i filmen, fortel Sigrid.

SMINKEKURS: Sigrid var på kurs for å lære meir om sminke i teater og film i fjor. Foto: Gunn Kristin Sperrevik

– Det var gøy å spele spøkelse!, seier Astrid, som er ei av tvillingane.

– Eg likar å spele forskjellige karakterar. Eg skulle gjerne vore meir med. Det var så få scenar, ler Ragnhild.

Jentene er einige i at historia var litt skummel – sjølv om dei veit det heile berre er fantasi.

– Vi spela tvillingar som likte å leike gøymsel i gamledagar. Foreldra sa dei ikkje fekk gå i kjellaren, men dei gjorde det likevel. Der ramla dei i ein brønn, og så blei dei spøkelse. Dei skremmer ungdommane som kjem for å sove i huset i år 2019, fortel Ragnhild.

Dei gler seg til å vise filmen til klassen.

– Eg trur dei blir litt redde, seier Astrid.

Vart godt kjent

Dei var ein heil gjeng som bestemte seg for å lage skrekkfilm saman. Dei hadde ulike, like viktige roller i produksjonen – både framføre og bak kamera.

– Vi var sju skodespelarar, ein forteljar, ei som jobba med lyd og lys, eit par på sminke, og Magnus Østebø. Han er kjempeflink, og filma og redigerte filmen, fortel Sigrid.

Gjengen hadde det veldig fint saman under innspelinga.

– Vi sov i huset og fekk mykje tid saman. Det kjekkaste var i grunn at vi blei så godt kjent, fortel Sara Helen.

– Vi lærte mykje nytt også, både om sminke, skodespel, lyd og lys, seier Sigrid.

– Eg visste ingenting om lyd og lys før den helga, men eg lærte mykje der, seier Sara Helen.

GODE VENER: Gjengen hadde det veldig fint saman under innspelinga. – Vi sov i huset og fekk mykje tid saman. Det kjekkaste var i grunn at vi blei så godt kjent, fortel Sara Helen.

Film nummer to

«Dysleksi Jæren» har laga ein film tidlegare, så dette blir nummer to. Filmane dei lagar blir lagt ut på Facebook og YouTube. 

– Det er ikkje alle i gruppa som har dysleksi, men alle som er med blir påverka av dysleksi på eit eller anna vis. Anten har dei familie som strevar med det, eller dei har det sjølv. Vi vil lage ulike prosjekt der vi ikkje har fokus på den utfordringa det er å ha dysleksi, fortel Gunn Kristin Sperrevik. Ho er leiar i organisasjonen og mor til Sigrid, Astrid og Ragnhild.

– Dette er noko alle kan vekse på – både når det gjeld venskap, sjølvtillit og alt, seier ho.