Varg-Runar (7) sin familie eig eit vikingskip

950 år etter at vikingtida tok slutt er det framleis mange nordmenn som tek på seg vikingutstyr. Dei ønskjer å oppleve kvardagslivet som var den gongen. Varg-Runar sin familie har eit eige vikingskip.

Fakta om vikingtida:

  • Vikingtida var frå ca. 800-1050.
  • Angrepet på klosteret i Lindisfarne i England blir sett på som starten på vikingtida.
  • Vikingane var svært dyktige båtbyggarar.
  • Dei var dyktige krigarar som reiste på tokt for å stele med seg skattar heim til Noreg.
  • Vikingane var flinke handelsfolk.
  • I tillegg til plyndring levde vikingane av jakt, fiske og jordbruk.
  • Vi har mange arkeologiske utgravingar som viser oss korleis vikingane levde. Vi har funne reiskapar, svære skip, gravhaugar og landsbyar.
  • Vikingane laga klede av ull og lin, og brukte vev til å veve kleda. Dette arbeidet var det kvinnene som stod for.
  • Husa deira var bygd av stein eller tre. Husa hadde ikkje vindauge, og var som regel eitt stort rom. Langs veggane var det benkar som blei brukt til å ete ved og jobbe og sove på. I midten av rommet laga dei ein eldstad der dei laga mat. I taket var det ei luke slik at røyken kunne forsvinne.
  • Snorre Sturlason skreiv ned mykje av det som hende i vikingtida.

(Kjelde: Wikipedia, Store norske leksikon)

LES FAKTALUKK FAKTA

Mange tenkjer gjerne på plyndring når dei tenkjer på denne tida i historien – men den var mykje meir enn barbariske handlingar, seier Leela Kjørvik. Ho er Varg-Runar si mor. Det er begge opptekne av å ta vare på dei fine tradisjonane som fanst i vikingtida.

Bra for klimaet

– Vikigane var flinke på arbeid og dei reparerte ting i staden for å kaste. Det hadde vore veldig bra for klimaet om dagens folk tenkte meir slik, seier Varg-Runar.

– Dei hadde ikkje plast i vikingtida, legg han til.

Leela har lenge vore spesielt interessert i handarbeidet vikingkvinnene heldt på med. Då Varg-Runar var 2-3 år gamal starta også han å interessere seg for vikingtida. 

FAMILIEN SITT SKIP: Dette er familien sitt skip som ligg på Gloppen Camping på Sandane.
Foto: Privat

– Eg likar veldig godt å vera på vikingleir. Då er vi mykje ute i naturen. Vi leikar, bruker sverd og skjold av tre, spikkar med kniv, driv med smedarbeid, hogg ved med øks, og vi lærer å veve, fortel han. 

– Til dømes så har vi ein konkurranse der vi skal få den andre ut av ringen. Vi legg eit tau på bakken, og den som klarar å få den andre personen til å tråkke ut av ringen – vinn!

Ingen mobil i vikingtida

Det er vikingleirar mange stader i landet.

– I Gudvangen er det ein by der folk som har vore ei stund i vikingmiljøet kan kome for å bu. Det kjem mange turistar for å sjå korleis vikingane levde, og då er vi nokre av dei vikingane dei møter, fortel Leela.

– Ja, vi kan ikkje ha mobil eller noko med dit, det må vera ekte, fortel Varg-Runar.

I Gudvangen treng dei ikkje ha med seg så mykje utstyr, men på andre leirar er det meir å tenkje på. 

GUDVANGEN: Varg-Runar spikkar ved eit hus i vikingbyen i Gudvangen.
Foto: Privat

– Det er ein del utstyr som skal til. Vi må ha med klede, ullmadrasser, skinnfellar, jerngryte og alt vi treng for å lage mat, fortel Leela.

Maten dei et kan berre vera laga av råvarer som dei hadde i vikingtida.

Det er faktisk ganske godt utval i mat, fortel Leela.

Det er ein del folk i miljøet som kallar seg vintervikingar. Dei vil klare seg ute både sommar og vinter. Men Leela og Varg-Runar held seg til sommartid. 

– Vi reiser om sommaren – frå mai til august. Så er det stopp, fortel dei.

Har eige vikingskip

Familien har eit ekstra kult vikingprosjekt i heimbygda. Varg-Runar sin onkel og bestefar har nemleg kjøpt eit vikingskip. 

– Vi må vera åtte personar for å ro skipet, så det blir ikkje til at vi ror så ofte ut. 

– Men når vi gjer det som sovnar eg alltid på veg inn att, fortel Varg-Runar.

Han likar å kjenne roen rundt bålet om kvelden, bølgene under skipet på fjorden, graset under beina når han leikar. 

– Det er veldig fritt.