Dei tre fotballfuglane

Abdelhadi Ghali Qoteiba (11) var med i skrivekonkurransen i fjor og skreiv denne teksten.

Det var ein gong tre fuglar som elska fotball. Dei tre hadde berre ei mor. Fordi faren døde når dei var to år. Dei var veldig fattige. Dei masa heile tida på mora deira om å få byrje på fotballtrening. Men moren hadde ikkje råd til at dei tre skulle byrje på fotballtrening. Ho hadde berre råd til ein av dei. Men desse tre fuglane fant på ein idé. Det var at ein av dei skulle byrje og lære meir fotball. Også kan han lære dei to andre. Alle blei einige om det. Dei spurte mora, og ho sa ja og meinte det var ein god idé. 

Også gjekk ein på fotballtrening og ein jobba på ein butikk for å tene pengar, og ein var heime og hjelpte mora med huset og med dyra dei hadde heime. Dei hadde berre ei ku og ei høne. 

Då første trikse dei lærte var rainbow. Men ein dag kom den broren som jobba i butikken og sa han hadde tenkt nok til at alle tre søskena kunne byrje på fotballtrening. Mora spurte kor han fekk pengane i frå, og  han sa at han hadde samla pengar frå løna han fekk på jobben. 

Neste dag byrja alle på fotballtrening . Etter nokre år spelte alle dei tre på Manchester United. 

Fugl fugl fluge, eventyret var ute.