Rykteflaum om coronaviruset

Store mender falske nyheiter og konspirasjonsteoriar om virusutbrotet blir spreidde i sosiale medium for tida.

Verdshelseorganisasjonen (WHO) kjempar mot feilinformasjonen som florerer om Wuhan-viruset, skriv Munin.buzz.no.

I Noreg har eit innlegg med feilaktig informasjon vorte spreidd på Snapchat. I innlegget stod det at ein person som er smitta av Wuhan-viruset, har vorte innlagd på Ullevål sjukehus i Oslo. Opplysninga stemmer ikkje, opplyser sjukehuset. Pressevakt Anders Beyer ved Oslo universitetssjukehus seier til NRK at ingen har vorte innlagde med viruset der.
– Vi blir triste over at nokon synest det er god underhaldning å spreie falske rykte, seier Beyer.

Jobbar døgnet rundt

I WHO jobbar no ei eiga nettgruppe døgnet rundt for å fange opp dei rykta som kan utgjere ein folkehelserisiko. Det gjeld til dømes falske nyheiter om førebyggingstiltak og kurar.
Coronaviruset skal ikkje vere så dødeleg, men det er svært smittsamt. Viruset er farlegast for eldre og personar som er sjuke frå før.