Maud Angelica fekk pris

Maud Angelica Behn (16) blei heidra for openheita si etter at faren tok sjølvmord.

Maud Angelica Behn er eldste dotter av prinsesse Märtha Louise og Ari Behn.

I romjula opplevde Maud og familien det verst tenkelege. Pappaen tok sitt eige liv. Ari Behn hadde så mørke tankar at han ikkje klarte å handtere dei.

Saka er henta frå VG.

Maud rørte heile nasjonen

I gravferda som blei vist på TV var det Maud sin minnetale som sette ekstra djupe spor. Der heidra ho pappaen sin, men samtidig snakka ho om korleis ein kan førebu sjølvmord:

Pappa må ha vore så sliten at han må ha følt at han ikkje hadde nokon annan utveg enn å gå ut av denne verda. Men der trur eg han tok feil. Det er alltid ein utveg, sa ho i minnetalen.

Maud Angelica retta òg blikket til alle som slit med mørke tankar.

Sjølv om det ikkje kjennest sånn. Det er folk der ute som kan og vil hjelpe. Du kan få hjelp, og det kan bli betre. Alle i denne verda fortener kjærleik og glede – det gjer du òg. Eg ber deg med heile hjartet mitt, sjel og kropp – spør om hjelp. Det er aldri ei skam å be om hjelp, sjølv om det er noko lite.

Fått velfortent heiderspris

Etter gravferda blei talen til Maud Angelica omtalt i media. Ho fekk særleg stor respekt for omtanken ho gav andre då ho sjølv var i stor sorg.

No har Maud Angelica fått pris i regi av Nasjonalt Forum for Akuttpsykiatri.

Kvart år går den til ein eller fleire personar som har bidratt til å setje viktige spor i dette fagområdet.