Er det juks å kjøpe seg fordelar i dataspel?

Veldig mange kjøper seg fordelar i spel. Men kor greit er det med økonomisk doping i dataspel?

Produsenten

Nokre spel er laga slik at du ikkje får alt inkludert når du kjøper eller lastar ned eit spel. Det er også vanleg at spelet er lagt opp til at du bør kjøpe ekstra innhald undervegs i spelinga. 

Dei som lagar dataspel tener mange millionar kroner i veka på å selje «skins» eller andre fordelar.  

FIFA, The Sims, League of Legends, Candy Crush og Fortnite er nokre av slike spel som er bygt opp på denne måten. 

Har brukt pengar i spelet

Eg har brukt pengar i spel for å kome til andre nivå, seier Michelle.

Anna fortel at både ho og storebroren har brukt pengar på spel. 

Både for å kjøpe meg vidare inn i spelinga, men også for å kjøpe pengar inne i spelet for å få «Loot box» og «Skins».

Mange gode spel kostar pengar, så det har eg brukt ein del pengar på. I tillegg har eg kjøpt tilleggspakkar i The Sims som gjer mykje for deg i spelet, fortel Diana. 

Mange brukar også pengar på å kjøpe «skins». «Skins» er ikkje noko som gir fordelar i spelet, men er med på å justerer utsjånaden til karakteren.

Det skal seiast at i mange spel er det også mogleg å tene opp fiktive pengar til å gjere desse endringane gratis.

Foreldre har ein viss kontroll

Om eg brukar pengar er det frå vekepengane mine, fortel Anna.  Dei fleste foreldre er nok litt overbeskyttande på kva vi barn skal bruke pengar på. Eg må alltid spørje om kva eg får bruke pengane på.

Diana og faren deler spelinteressen noko som gjer at han følgjer med og veit kva ho brukar pengar på.

Å kjøpe «Loot box» gir deg ikkje automatisk store fordelar. Iallfall i Fortnite. Eit forsøk gjort i 2018 viser at sjølv etter 30.000 kroner kom spelaren seg ikkje i mål. (Kjelde: Barnevakten.no)

Er kjøpte fordelar litt som å jukse?

Kjøp av innhald som gir deg fordelar, er noko mange innanfor spelmiljøa synest er ein uting. Ein kan kanskje få negativ respons dersom vener oppdagar at du har kjøpt deg «flinkare». Men du kan også oppnå status i venneflokken. Er kjøp av digital doping, altså kjøpte fordelar greitt?

Jentene er litt i tvil om ein kan kalle det juksing når ein kjøper tilleggspakkar i eit spel. For mange spel er heilt klart lagt opp til at ein skal gjere det.

Vi kan kjøpe oss ting som hjelper oss vidare i spelet. Men om det øydelegg spelet, veit eg ikkje, seier Diana. 

Hadde eg laga spel hadde eg gjort akkurat det same, for å tene pengar og lage nye spel, seier Anna. Eg er imot det, men samtidig ikkje.

Er kjøpte fordelar litt som å jukse?

Er kjøpte fordelar litt som å jukse?

Nei78
Absolutt ikkje91
Ja80
Ja, absolutt!13
Njaaa42
Veit ikkje6
Bryr meg ikkje32
Svar totalt: 342