Politiet: Mange dyreeigarar veit ikkje kor grensa går

Dei siste tre åra har talet på dyrevelferdssaker i rettssystemet mangedobla seg.

– Det er ikkje alltid like lett å vite kor grensa går når det gjeld dyr. Noko av det viktigaste vi kan gjere er å førebyggja og fortelje kva som er rett og gale, seier politioverbetjent Grethe Møkkelgård Fossum til NRK.

Ho er leiar for dyrekrimgruppa i Trondheim.

Sidan 2015 har både politiet og Mattilsynet jobba ekstra hardt for å kjempe mot kriminalitet mot dyr.

I 2017 blei det registrert sju sakar der eigaren av dyret/dyra måtte i fengsel, eller måtte betale bot. Året etter var antall saker tredobla, og i fjor var det heile 48 saker som endre med straff.