Ein fersk rapport viser at klimaproblema er den største risikoen for jorda vår

Polarisen smeltar, havnivået stig, store brannar spreier seg utover land. Plastforsøpling i havet. Det er vass- og matmangel. Jorda vår har det rett og slett ikkje så bra.

Etter eit år med naturkatastrofer og sterke bevis på global oppvarming har no ein årleg rapport for første gong plassert klimaproblem som dei fem viktigaste og største problema vi står over for, skriv The Guardian.

Dette er dei fem største risikoane på lista som er utvikla av The World Economic Forum

1: Ekstreme vêrhendingar som fører til store skader på eigedom, infrastruktur og tap av menneskeliv. (Infrastruktur er korleis samfunn er bygd opp)
2: At styresmakter og næringslivet ikkje innfører og handhever effektive tiltak for å avgrense og tilpasse seg til klimaendringane.
3: Menneskeskapte miljøøydeleggingar og -katastrofer, inkludert miljøkriminalitet som oljesøl og radioaktiv forureining.
4: Tap av biologisk mangfald og økosystem-kollaps  Artar dør ut. Økosystemet, altså naturen vi lev av blir ødelagt. Døme på dette han vere regnskogen som vert hogt ned.
5: Store naturkatastrofer som jordskjelv, tsunamiar, vulkanutbrot og geomagnetiske stormar.