Australia: Kastar mat frå helikopter for å hindre at skogbrannråka dyr svelt

Australske styresmakter har sett i gang Operasjon klippewallaby for å sikre mat til brannråka dyr.

Sidan september i fjor har dei pågåande skogbrannane i Australia svidd av eit område på kring 84.000 km2, og ein reknar med at over éin milliard dyr har mista livet.

Kring 800 millionar dyr har døydd i delstaten New South Wales åleine.

Styresmaktene i delstaten vil sikre at dyra som framleis er i live ikkje svelt i hel, og har difor floge over dei utsette områda og kasta ut fleire tusen kilo gulrøter og søtpoteter.