Barnekonvensjonen: 30 år med brot, la oss feire!

Gratulerer med dagen! I dag fyller Barnekonvensjonen 30 år. I Noreg har barns rettar til og med fått plass i Grunnlova vår. Dette er verdt å feire. Men la dykk ikkje lure, sjølv om vi er flinkare enn mange andre land, vert også barns rettar truga her.

Noreg er ikkje så perfekte som vi alltid skal ha det til.

Her er tre døme:

Opphaldsløyve

Å sitje og vente på at du ein dag må dra tilbake til eit usikkert land gjer noko med psyken til eit menneske. Og i alle fall når du er under 18 år, og kanskje ikkje har familie rundt deg. Det er ikkje greitt.

Denne lille perioden på nokre få år, blir sett på som dei viktigaste åra i livet for norsk ungdom. Åra ein skal gjere litt opprør, vere med vennar til langt på natt og kose seg. Desse åra må andre ungdommar bruke på asylmottak i vissa om at dei skal verte sende tilbake dagen dei vert 18 år.

Desse sokalla «viktige åra», kan også øydelegge ein person. Vi må ta vare på alle ungdommar i Noreg, også dei som har kome hit frå eit anna land.

Klima

Oljeutvinninga er eit godt døme på handlingar vi utfører i Noreg, som påverkar barn og unge i ei veldig stor grad over heile verda. Myndigheitene i Noreg må ta ansvar og aktivt gjere meir for å stoppe klimaendringane.

På grunn av klimaendringar mister barn heim, skuleplass, mogelegheiter og livet, og om vi ikkje gjer noko no vil dette bli endå verre i framtida.

Barn er dei mest sårbare i ei krise, og klimakrisa er ikkje noko unntak. Barnet sitt beste, retten på liv, helse, levestandard og utdanning er berre nokre av paragrafane i Barnekonvensjonen som vert sette på spel når Noreg ikkje tek større ansvar for å stoppe klimakrisa.

Retten til å seie meninga vår

I Noreg vert også ytringsfridomen til barn og unge truga, og vår rett til å seie vår meining kvar einaste dag. Hersketeknikkar vert brukte heile tida.

«Så søte de er som viser meininga dykkar», «de kjem ikkje til å skjøne dette før de vert eldre» og «tenk at du er så engasjert, så ung som du er» er døme på hersketeknikkar som stadig vert slengde i trynet på engasjerte barn og unge.

Mange unge som ytrar seg opplever også sterk hets, nokre også trugslar. Dette er eit samfunnsproblem. Gjerne ver ueinige med oss, men svar sakleg og vis oss respekt. Ein fin hugseregel om du er usikker på kva du skal gjere er: Viss det er upassande mot ein vaksen, er det også upassande å gjere det mot ein mindreårig.

Ja, vi er unge, men vi har likevel rett til å ytre oss på lik linje med vaksne. Ofte har vi andre og viktige perspektiv som dei eldre kanskje ikkje har tenkt på.

Eg seier ikkje at Noreg er verst på noko som helst måte. Men Noreg er ikkje alltid like flinke som vi har ein tendens til å tru. Eg trur at vi kan, og må, forbetre oss masse for å sikre barn og unge sine rettar.

Gratulerer med dagen Barnekonvensjonen, håpar Noreg set endå meir pris på deg, og tek deg meir seriøst det komande året.