Temaveke: Vald mot barn i heimen

NRK Super har ny temaveke der dei rettar fokuset på barn som opplever vald i heimen.

Vaksne har ikkje lov å utøve vald mot barn.

I Noregs lover står det heilt tydeleg at det aldri er lov for vaksne å slå eller skade barn.

Ei undersøking viser at ein av fem barn har blitt utsatt for vald frå foreldra i løpet av oppveksten, og at mange barn ikkje tør å fortelje om det.

Har du opplevd eller kjenner du nokon som gjer det kan det vere lurt å snakke med ein vaksen.

Det er også ein gratis alarmtelefon du kan ringe for å prate med ein vaksen om råd. Då er du heilt anonym.