– Vi likar best at læraren vel lag

Per (11), Kine (12) og Ole (12), som går på Valen skule i Kvinnherad, vil helst at læraren veljer lag i gymtimane.

NAMN: Per Skarveland

ALDER: 11 år

Foto: Janne Nerheim

Får dykk velja lag i gymmen sjølv, eller vel læraren for dykk?

– Av og til. Det er veldig ofte jentene mot gutane. Det er helst læraren som bestemmer.

Kva føretrekkjer du?

– Eg likar best at læraren bestemmer. Det kan bli urettferdig då også, men det er alltid nokon som blir lei seg viss elevane skal bestemme. Viss vi skal ha hjørnefotball, og elevane får bestemme laga, er det alltid nokon som vel dei som går på fotball fyrst.

Kva trur du kan vera vanskeleg med at elevane vel sjølv?

– At det blir urettferdig.

Kva er vanskeleg med at læraren vel?

– Berre det at elevane ikkje har mest lyst å vera på lag med dei dei blir sett saman med. Eg har opplevd å bli valt sist, og då blei eg stille og lei meg. Eg ser at dei som ofte vert valt sist ser lei seg ut.

NAMN: Kine Vermedal Tungesvik

ALDER: 12 år

Foto: Janne Nerheim

Får dykk velja lag i gymmen sjølv, eller vel læraren for dykk?

– Læraren bestemmer nok mest, men elevane får bestemme nokre gongar.

Kva føretrekkjer du?

– At læraren bestemmer. Viss ikkje blir det ganske urettferdige lag. Då blir dei beste på ei side, og dei dårlegaste på ei side.

Kva trur du kan vera vanskeleg med at elevane velger sjølv?

– Dei som får velja har lyst å vera på lag med sine vener. Det er ubehageleg å bli valt sist, og det er dumt for den som opplever det. Eg har sett at dei gjerne ser ned i bakken. Eg har opplevd det eg også.

Kva er vanskeleg med at læraren vel?

– At dei som har lyst å vera på lag med bestevenene sine ikkje får vera på lag med dei.

 

NAMN: Ole Tvedt

ALDER: 12 år

Foto: Janne Nerheim

Får dykk velja lag i gymmen sjølv, eller vel læraren for dykk?

– Læraren vel som oftast.

Kva føretrekkjer du?

– Eg likar at læraren vel. Då blir det ikkje urettferdig.

Kva trur du kan vera vanskeleg med at elevane vel sjølv?

– Dei beste kjem på ei side, og dei dårlege på ei side. Elevar vel kvarandre fordi dei er vener. Dei som spelar fotball i lag kjem på eitt lag.

Kva er vanskeleg med at læraren vel?

– Det går heilt fint. Ja, bortsett frå at volleyballaga burde vore meir jamne.