– Ingen skal oppleve å bli valt sist i gymtimen!

Norske gymforskarar åtvarar mot å la elevar velja ein og ein medelev til kvart sitt lag. Det finst betre måtar å setje saman lag på.

Alle stiller seg på ei rekke. Læraren plukkar ut to elevar som skal velja kvart sitt lag, og ein etter ein blir valt. Dei som skal velja vel vener fyrst, eller kanskje den som er best i fotball? Men du står att. Ein etter ein forsvinn over på andre sida av bana. Til slutt går du til det laget som manglar ein person. Har du opplevd det?

Viss du har opplevd ein slik situasjon, må du seie ifrå til læraren eller foreldra dine, seier gymforskarane Lars Bjørke og Kjersti Mordal Moen til Ung.Forskning.no. Dei jobbar på Høgskolen Innlandet. Slik skal det nemleg ikkje vera. 

Kan få dårleg sjølvtillit

Elevar kan få dårleg sjølvtillit av å bli valt sist, seier professor Marie-Lisbet Amundsen til Forskning.no. Ho har jobba mykje med barn og unge som går på skulen. 

Det er ikkje rett at elevane skal bestemme kven av klassekameratane som er flinke, meiner ho.

Laga bør bli bestemt før gymtimen, og dei bør vera ganske like.

– Alle lag bør vera sett saman av elevar med ulik bakgrunn, erfaring og kjønn, seier han.