Er du klar for insekt i matboksa?

Insekt har vorte litt meir vanlegare å ha som menneskeføde enn tidlegare.

Larveriet på Voss er den einaste produsenten av insekt til menneskeføde, skriv NPK.

Dei har laga eit larvebrød som har solgt svært godt.

Erfaringa er at barn og unge er generelt meir opne for nye ting, inkludert insekt som mat.

Larvebrødet selde til dømes godt til barnehagar og skular i samband med temaet “framtidas mat”.

På verdsbasis har insekt som menneskeføde tatt av dei siste fem åra, og Noreg er på glid. FN uttalte seg i 2013 at det er nødvendig å få innsekt som ein naturleg del av kosten, dersom det skal bli nok mat til alle på ein berekraftig måte i 2050.

Kunne du ete insekt?

Kunne du ete insekt?

Ja, klart det!37
Nei, aldri i livet78
Om dei ikkje var synlege35
Eg trur eg hadde slite31
Veit ikkje heilt29
Om det kan hjelpe så...27
Svar totalt: 237