Villmarksbarna opplevde klimaendringar på Grønland

Barna frå den populære NRK Super-serien «Villmarksbarna» er no å sjå på kinolerretet. Filmen handlar om deira eventyrlege reise til verdas største øy - Grønland.

Fakta om Grønland:
  • Grønland er verdas største øy. Geografisk høyrer den til Nord-Amerika, men politisk til Europa.
  • Grønland ligg i Arktis og har polarklima.
  • Lave tre finst berre i enkelte lune, sørvendte dalar.
  • Over 80 prosent av arealet er permanent dekte av innlandsisen. Den er opptil 3 kilometer tjukk.
  • Det bur cirka 56.000 menneske på Grønland.
  • Cirka 17.000 av dei lev i hovudstaden Nuuk.
  • Selfangst, kvalfangst og jakt er viktig for innbyggarane på Grønland.

(Kjelde: Wikipedia)

LES FAKTALUKK FAKTA

I kvardagen bur familien på seks i Alta i Finnmark. Dei elskar å reise på tur i naturen, jakte og overnatte i telt. Runa (14), og Ida (17), Guro (20) og Narve (11) – og foreldra Lars og Inger Krempig brukte sommaren for to år sidan på å reise til Grønland. Ingen i familien var førebudd på dei store klimaendringane dei skulle få oppleve på nært hald. 

– Foreldra våre var der for 20 år sidan. Vi besøkte ei dame dei møtte på den tida, og ho fortalte oss kor mykje som har endra seg, fortel Ida. 

FANGST: Guro og Narve med fin sjørøye-fangst. Foto: Lars Krempig

Familien fekk høyre bekymringar om meir regn, innlandsis som smeltar, permafrost som smeltar, meir jordskred og store steinras. 

– Folka som bur der fortalte at dei aldri har opplevd så mange ras som no, fortel Ida. 

– Det er dumt at folk må tenkje ekstra mykje over kor dei kan bu, no når klimaet endrar seg, seier Narve.

– Vi reiste til verdas nordlegaste busetnad, og der såg vi at mange av hyttene var tatt av steinras, fortel Ida.

Såg breen smelte

– Vi såg på bilete som viste kor mykje meir is det var i breen for 20 år sidan. Heilt nord på øya kunne vi sjå isen smelte, og då vi samanlikna bilete såg vi at mykje av isen hadde smelta på 20 år, fortel Ida. 

– Vi såg det var leire der det tidlegare har vore is. Viss heile breen smeltar kjem havet til å stige med sju meter, fortel Narve.

Artikkelen held fram under biletet.

SPRÅK: Familien Krempig saman med familien Henriksen som dei traff tilfeldig på tur. Ulike språk var ingen hindring. Dei kommuniserte med ordbok og teikn. Foto: Lars Krempig

Sterke inntrykk

Runa kjenner på dårleg samvit når ho tenkjer på korleis vår levemåte påverkar dei som bur på Grønland. 

KINO: Filmen «Villmarksbarna – en eventyrlig reise» er no å sjå på kino. Foto: Filmweb

– Når klimaet endrar seg må dei som bur der endre på heile levemåten sin. Vi merkar dei ikkje like sterkt her i Noreg, seier ho.

Pappa Lars var overraska over kor mykje naturen hadde forandra seg sidan sist han besøkte øya. 

– Klimaendringane gjorde eit mykje sterkare inntrykk enn eg var førebudd på. Det er heilt tydeleg at det har skjedd ei stor endring. Då vi var der for 20 år sidan kunne vi køyre hundespann på isen i juni. No fekk vi beskjed om at vi måtte kome før – om det skulle vera is vi kunne køyre på, fortel Lars.  

Han har tenkt mykje på korleis forbrukarsamfunnet påverkar menneska på Grønland. 

– Dei som bur der er dei menneska som set minst klimaavtrykk. Dei lev i pakt med naturen, men det er dei som får merke naturkreftene sterkast.

– Vi håpar at barn og vaksne som ser filmen vil snakke om det som skjer på Grønland. Det er ein av stadane klimaendringane skjer raskast no, seier mamma Ingrid.

NYE VENER: Nukapianguaq, Ida, Narve og Illanguaq. Her slaktar dei ei storkobbe. Foto: Lars Krempig