Ella (9) og Caitlin (7) fekk Burger King til å kutte ut plastleiker

Burger King i Storbritannia har kutta ut plastleiker i barnemenyane etter at systrene Ella (9) og Caitlin McEwan (7) ba Burger King og McDonald’s om å tenkje på miljøet.

Jentene fekk støtte frå ein halv million menneske som skreiv under på oppropet. Eit opprop er ein tekst jentene har skrive på nettstaden Change.org, som dei har bedt folk signere for å vise at dei er einige i det jentene meiner. 

Vi har lært alt om miljøet og problemet med plast på skulen. Det gjorde oss veldig triste å sjå korleis plast skadar dyrelivet og forureinar havet, og vi ønskjer å endre dette. Difor ønskjer vi at Burger King og McDonald’s skal tenkje på miljøet og slutte å gje plastleiker med barna sine måltider, skriv jentene på sida Change.org..

Kutt ut plastleikene

Dei påpeiker også at barn berre brukar leikene i kort tid før dei blir kasta. Dei ønskjer seg at Burger King og McDonald’s heller skal tenkje på å lage berekraftige leiker til barna. 

Det er ikkje nok å lage resirkulerbare plastleiker – store, rike selskap burde ikkje lage leiker av plast i det heile, skriv dei.

No har altså Burger King valt å lytte til alle som ønskjer barnemenyar utan plastleiker. McDonald’s har tidlegare uttalt at dei ikkje vil slutte med leiker av plast.