– Burger King og McDonald’s burde ikkje ha leiker av plast

Juniorjournalist Johanna Bjørge Nerheim har intervjua Nayeni Bavananthan (11) frå Blaker om kva ho tenkjer om plastleiker i barnemenyar hos Burger King og McDonald’s.

Kva tenkjer du om plastleiker i barnemenyar?

– Burger King og McDonald’s burde ikkje ha leiker av plast.

Kva tenkjer du om klimakrisa?

– Eg tenkjer at det er veldig dumt. Alle politikarar bør gjere noko med det. Eg meiner også at det bør bli fleire søppeldunkar rundt omkring.

Tenkjer du Burger King og McDonald`s bør slutte med plastleiker i Noreg?

– Vi bør demonstrere eller starte ei underskriftskampanje slik dei gjorde i Storbritannia. Kanskje eg og venene mine kan gjere det. Kanskje andre blir inspirert til å gjere det same som vi ser dei har fått til i Storbritannia.

Har du kjøpt meny med plastleiker?

– Eg har kjøpt det to gongar. Det er ikkje bra.

Kjem du til å kjøpe det framover?

– Nei. Sjølvsagt ikkje.

Kva gjer du elles for klimaet?

– Eg har demonstrert og streika. Eg har også sagt ifrå til dei eg kjenner at dei bør streike og gjere meir for klimaet. Eg plukkar søppel i gata og kjeldesorterer.

 

Bør Burger King og McDonald’s i Noreg droppe plastleiker?

Bør Burger King og McDonald’s i Noreg droppe plastleiker?

Ja23
Veit ikkje2
Nei255
Svar totalt: 280