Fleire binner og bjørnungar enn på ti år

Brunbjørnane er freda og står på raudlista over truga artar i Noreg. No er det teikn til fleire bjørnar i norske skogar.

I 2018 blei det registrert fleire binner og bjørnungar i Noreg enn på ti år, skriv NTB.

Sidan 2009 har forskarar analysert prøvar av bjørnebæsj og bjørnehår. Bæsjen og håret har dei fått tilsendt av folk ulike stader i landet.

– Prøvane frå 2018 ga oss informasjon om 138 ulike bjørnar. 63 hobjørnar og 75 hannbjørnar. Det er 13 fleire enn i 2017, og det har ikkje vore registrert fleire binner sidan 2009, fortel overingeniør Ida Fløystad i Norsk institutt for bioøkonomi.