Boklista for Tid for ti 2020 er klar

I januar skal 7. trinn i Noreg lese ti utdrag frå ti nynorske bøker. No er bøkene klare.

Om Tid for ti

Tid for ti er ein gratis og nasjonal leseaksjon for elevar på 7. trinn som blei etablert i 2015. Hjartet i aksjonen er ein antologi med tekstutdrag frå ti gode bøker på nynorsk. Tid for ti er eit samarbeid mellom Foreningen !les, Nynorsksenteret og andre nynorskaktørar.

LES FAKTALUKK FAKTA

Fleire av bøkene som er med denne gongen kom ut i år, altså i 2019.

– Det har vore fleire nyare titlar å velje mellom i år enn tidlegare. Særleg når vi i Tid for ti også inkluderer ungdomsbøker, både skjønnlitteratur og sakprosa. Men det er tydeleg noko på gang i nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Han blomstrar for tida, seier prosjektleiar for Tid for ti i Foreningen !les, Ole Ivar Burås Storø.

På lista over bøker som er med i den nye antologien, som i januar 2020 blir send i eit opplag på 25 000 til skular og bibliotek rundt i landet, finn vi fleire titlar frå 2019. Burås Storø viser til stor breidde i utvalet.

– I den nye antologien er det utdrag frå romanar, teikneserie, sakprosa, dikt, illustrerte bøker og ei novelle. Elevane vil få møte fleire ulike sjangrar og tema, seier han.

Dette er boklista til Tid for ti 2020

  • Mareritt av Linn T. Sunne. Samlaget 2019.
  • 1000 dagar av Inger Johanne Sæterbakk. Aschehoug 2018.
  • Som ein bror. Historia om sjimpansen Julius av Alfred Fidjestøl. Samlaget 2019.
  • Blå flaggermus av Harald Nortun. Samlaget 2019.
  • Kamikaze av Geir Tangen. Novelle i Exit. Gyldendal 2019.
  • Skogen den grøne av Ruth Lillegraven. Samlaget 2018.
  • Pepar & GulrotPysjamasfesten av David Revoy. Omsett av Arild Torvund Olsen og Karl Ove Hufthammer. Revoy 2019.
  • Polarnatt av Sunniva Relling Berg. Illustrert av Bjørn Rune Lie. Samlaget 2019.
  • Nattmannen av Anders Totland. Illustrert av Kristian Krohg-Sørensen. Gyldendal 2019.
  • Djevelen vil alltid finne deg av Lars Mæhle. Samlaget 2019.

Framleis mogleg å melde seg på

Til aksjonen følgjer det med ei eiga nettside, tidforti.no. Her ligg alt materiell tilgjengeleg i aksjonsperioden.

– Eitt av måla med aksjonen er å gjere det lettare for lærarane å ta i bruk ny litteratur i skulen. Nynorsksenteret samarbeider derfor med Foreningen !les om å lage fyldige lærarressursar til aksjonen, fortel Arild Torvund Olsen ved Nynorsksenteret.

Til no er 20 000 påmelde aksjonen. Det er framleis mogleg for lærarar og bibliotek å melde seg på, ifølgje Burås Storø.

– (…) av erfaring veit eg materiellet forsvinn fort. Så skular og bibliotek som vil melde seg på, bør ikkje nøle for lenge. Påmeldingsskjema finst på foreningenles.no, og antologiane kjem til skular og bibliotek i starten av januar 2020.