Årets TV-aksjon går til fattige kvinner

Mikkel Niva, Robert Stoltenberg og Ingrid Gjessing Linhave skal leie sendinga for årets TV-aksjon på NRK. Pengane går til fattige kvinner.

TV-aksjonen er søndag 20. oktober.

Inntektene går til hjelpeorganisasjonen Cares arbeid for å skape eit betre liv for kvinner i nokon av det fattigaste landa i verda.

Årets slagord er «Nå er det hennes tur».

Pengane som blir samla inn, skal gi 400.000 kvinner opplæring i å starte eiga bedrift, spare og låne pengar for å få eiga inntekt. Kvinnene skal vidare lære å delta og bli høyrde i politikken og lokalsamfunnet. Det skal òg givast opplæring i retten til å bestemme over eigen kropp.

Inntektene frå årets TV-aksjon vil gå til Cares arbeid i Niger, Mali, Kongo, Burundi, Rwanda, Myanmar, Afghanistan, Jordan og Palestina.

TV-aksjonen har vorte gjennomført kvart år sidan 1974. Aksjonen er største i verda målt i innsamla kroner per hovud og talet på frivillige.

Skal du gå med bøsse eller samle inn pengar?

Skal du gå med bøsse eller samle inn pengar?

Ja, klart eg skal5
Nei, det skal eg ikkje87
Veit ikkje heilt...7
Svar totalt: 99