Stem fram di nynorske favorittbok

Barn og unge har sendt inn over 100 forslag på sine favorittbøker. Ein jury har plukka ut ti nynorske finalistbøker som er skrive etter 2000.

Målet med kåringa er å visa breidda i den nyare, nynorske barnelitteraturen skrivne av norske forfattarar etter år 2000. Juryen har valt ut 10 bøker i dei fire kategoriane: barnebøker, biletbøker, ungdomsbøker og faktabøker for barn og ungdom. 

Her i denne saka er barnebøkene presentert.

Desse sat i juryen

Troels Posselt, Janne Karin Støylen, Trond Strand, Liv Kristin Bjørlykke Øvereng og Liv Astrid Skåre Langnes har vore med i juryen. Dei har bestemt seg for nominera berre éi bok per forfattar.

Juryen har også sett på dei over 100 nominasjonane som har blitt sendt inn frå publikum i løpet av våren til Framtida Junior.

Stem på di favorittbok heilt nede i saka.

Dei ti bøkene juryen har plukka ut

Teo i trøbbel: Solveig Blindheim Bendixen

Teo i trøbbel er ei humoristisk og realistisk bok om å byrje på skulen og dei kvardagsutfordringane ein då kan møte. Det er gjenkjennelege og truverdige situasjonar frå førsteklasselivet som er tekne på alvor. Teo møter ulike utfordringar som løyser seg på litt ulikt vis.

 

Tonje Glimmerdal: Maria Parr

Når du startar å lese denne boka, kjem du rett inn i forteljinga. Ein får lyst til å lese vidare om alle dei påfunna Tonje har og om dei ulike venskapsrelasjonane som er i den vesle bygda. Boka er livsglad, herleg og dundrande. Du vil ikkje angre.

 

Eksperimentet: Harald Nortun

Ei bok om å vere ungdom, og i ein situasjonen der ein skal finne seg sjølv. Personlegdom handlar om meir enn korleis ein ser ut. I denne boka vert kjønnsrollemønster og stereotype oppfatningar om kva ei jente og ein gut må vere, utfordra gjennom tvillingeksperimentet. Eksperimentet byr på både forviklingar og alvor.

 

Fly, Thea! Fly: Bente Bratlund

Fly, Thea! Fly er ei bok om vennskap, draumar og om det å kjenne seg utanfor. Dette er ei rørande forteljing om korleis det kan kjennast å vere fosterbarn. Temaet og relasjonane er skildra realistisk og med ein sterk tråd av optimisme og framtidstru.

 

Verdas mest forelska par: Rune Belsvik

I denne kjærleiksforteljinga leikar Belsvik med språket. Det er hørkelpørkel og pludring, dei vaksne er som born, og alt går føre seg i ei naiv, men levande verd. Filtrert gjennom dette samfunnet vert kjærleiken Belsvik skriv om, ekstra tydeleg og fin.

 

Motorsykkelmysteriet: Magnhild Bruheim

Motorsykkelmysteriet er ei spanande krimbok for born. Hovudpersonane, Stian og Stine, er stesøsken, og boka inneheld både familieutfordringar, venskap, empati og samfunnsengasjement. Og ikkje minst eit spanande mysterium.

 

Ollis: Ingunn Thon

Ingunn Thon si bok «Ollis» er ei fengjande forteljing som får deg hekta etter berre nokre sider. Det er ein spennande barneroman om vennskap, familie og mot. Her er mykje humor, kvardagslege utfordringar og alvor om kvarandre, presentert gjennom eit frodig og detaljrikt språk.

 

Snillionen: Arnfinn Kolerud

Frank og mor vinn 24 millionar i Lotto, og mor bestemmer seg for å gje bort ein million til ein person i bygda som gjer noko ekstra snilt. På ein intelligent måte skildrar boka kva fattigdom kan få folk til å gjere, og kva rikdom kan få folk til å gjere. Dette er ei svært morosam bok, full av humor, språkleik og artige observasjonar.

 

Flukt: Atle Hansen

Flukt er ei kort og spanande slukebok om nært venskap, etikk, og spionering, og ho tek opp brennheite samfunnsspørsmål som asylpolitikk og å halde informasjon skjult for politiet. Slikt trengst i lettleslitteraturen! Boka engasjerer lesaren, uavhengig av om ein interesserer seg for temaa som blir tatt opp.

 

Happy: Linn T.Sunne

Happy er ei vakker, lita historie som handlar om å vere ny i ei klasse, om å være utanfor og om å manøvrere i den vanskelege verkelegheita. Med varme og innsikt viser forfattaren kor vanskeleg det kan vere å vere barn på veg til å bli ungdom. Språket og formatet er lett å lese, utan at dette går ut over boka sine litterære kvalitetar.

Bli med på den uhøgtidlege avstemminga, og stem på kva som er di favorittbok!

Kva av dei ti bøkene er din favoritt?

Kva av dei ti bøkene er din favoritt?

Teo i trøbbel1532
Tonje Glimmerdal921
Eksperimentet89
Fly, Thea! Fly100
Verdas mest forelska par1277
Motorsykkelmysteriet57
Ollis79
Snillionen725
Flukt100
Happy76
Svar totalt: 4956