Bokaktuell suksessforfattar svarar på spørsmål

Forfattaren av Tonje Glimmerdal, Vaffelhjarte og Keeperen og havet er klar med si første lettlesbok.

Kvifor skreiv du boka Storebror?

– Eg har ungar som held på å læra seg å lesa, og plutseleg forstod eg kor viktig det er med korte, kjekke leseland-bøker!

Har du sjølv ein storebror eller andre søsken?

– Nei. Eg er eldst. Eg ønskte meg veldig ei storesyster då eg var lita. Det var så skummelt å måtte gjera alt først i familien.

Er du i gang med å skriva på ei ny bok?

– Eg skriv alltid på noko, men det er ikkje alt som blir bok. 

Kva meiner du ei barnebok MÅ innehalda?

– Ei barnebok kan handla om absolutt ALT. Men viss ei barnebok er veldig trist, så synest eg det må vera håp om at det kan bli bra ein gong også. 

Fullfør setninga: Det beste med å lesa ei bok er…

– …å forsvinna inn i ei anna verd.

Kan du hugsa ei bok som gjorde inntrykk på deg som barn?

– Ja, mange. Men kanskje Ronja Røverdatter aller mest. 

Kva er det kjekkaste med å vera forfattar?

– Å sitja med datamaskinen og dikta opp heilt nye ting. 

Kva er det vanskelegaste med å vera forfattar?

– Å vera i aviser og på TV og slikt, det synest eg er litt vanskeleg. Eg likar best å skriva. Men det er fint å vera i Framtida Junior, då!