Medietilsynet: – Det viktigaste er å snakke om skjermbruk

Direktøren i Medietilsynet har nokre tips til korleis barn og foreldre kan finne ut kva grenser dei bør ha når det gjeld skjermtid.

Alle barn og familiar er forskjellige, og kvar familie må setje grenser for barn sin skjermbruk ut frå sin kvardag. Medietilsynet har difor valt å ikkje lage råd om kor mykje tid barn kan bruke på nettbrett og mobil, seier Mari Velsand som er direktør i Medietilsynet.

Viktig å setje grenser

Men sjølv om Medietilsynet ikkje vil gje råd om eit visst antal timar barn bør bruke ved skjermen, har direktøren likevel nokre råd.

DIREKTØR: Mari Velsand er direktør i Medietilsynet. Foto: Medietilsynet

Me meiner det er fornuftig å setje nokre grenser. Det viktigaste er å snakke om skjermbruk heime, og bli einige om nokre reglar, seier Mari til Framtida Junior.

Det kan til dømes vera å ikkje bruke nettbrettet eller mobilen under måltida, før leksene er gjort eller å ikkje ha nettbrett eller mobil med i senga. 

Det er viktig at barn opplever at dei vaksne også held seg til desse reglane, meiner Mari.

Snakk om bruken

Medietilsynet er også opptekne av at det ikkje berre er tidsbruk som bør vera tema når barn og foreldre snakkar saman om reglar. 

Det er også viktig å snakke om kva mobil og nettbrett blir brukt til, og kva innhald barna ser på.