«Snøsøsteren» blir Hollywood-film

Boka «Snøsøsteren» av Maja Lunde blir Hollywood-film.

Snøsøsteren skrive av Maja Lunde. Illustrert av Lisa Aisato.( Kagge forlag.)

Forfattar Maja Lunde seier til VG at nesten alle norske filmprodusentar viste interesse, men at dei vart utkonkurrerte av den amerikanske giganten, skriv Framtida.no.

– Dette kan bli veldig gøy. Eit så stort selskap som dei jobbar med store budsjett, og det gjer at eg føler meg trygg på at dette vil sjå bra ut. Eg trur vi kan klare å skape eit filmunivers som ein verkeleg vil vere i, seier Lunde.

Ifølgje NRK er budsjettet til Anonymous Content på linje med ein «Harry Potter»-film.

Forfattaren har vist om det sidan april

Forfattaren seier at ho allereie er i gang med manusskrivinga. Ho har halde på løyndommen sidan april.

– Det er veldig få som har visst om det. Agentane mine, mannen min og nokre få andre er dei einaste, seier ho.

Ifølgje Lundes agent Even Råkil ser Anonymous Content for seg at filmen blir i ein klassisk «Christmas Carol»-sjanger, men seier det er for tidleg å seie kva det blir. Han seier til NRK at det ikkje blir ein teiknefilm.