Linnea (11): – Eg kan kanskje ete ein maur

Mia (11), Yusuf (11) og Linnea (11) synest tanken på å ete insekt er ekkel. Men, samstundes tenkjer dei at menneske kanskje må ete insekt for å hjelpe klimaet.

Linnea Beidvik Haraldsen (11)

Foto: Janne Nerheim

Har du spist insekt?

– Ja, då eg var lita putta eg ein stankelbein i munnen, men eg måtte spytte den ut att. Eg hugsar at systra mi åt ein snigel – og eg høyrde det knaste i munnen hennar. Så har eg henta ut maurtiss frå ei maurtue med ein pinne som eg slikka på.

Vil du ete insekt?

– Eg kan kanskje ete ein maur. Men ikkje larvar og sneglar. Men så er det jo betre for naturen om me et insekt i staden for kjøt.

Kvifor / kvifor ikkje?

– Det er ekkelt når dei kravlar og beveger seg.

Trur du me må ete meir insekt i framtida?

– Ja, fordi då sparar me miljøet meir.

 

Mia Kjempenes Kehr (11)

Foto: Janne Nerheim

Har du spist insekt?

– Nei, det har eg aldri gjort.

Vil du ete insekt?

– Nei, det høyrest ikkje godt ut. Og ikkje ser det godt ut heller.

Kvifor / kvifor ikkje?

– Dei ser så ekle ut! I tillegg til at dei beveger seg på ein måte eg ikkje likar. Viss eg ser ein edderkopp mister eg matlysta, så det er vanskeleg å tenkjer på å ete insekt.

Trur du me må ete meir insekt i framtida?

– Ja, det blir nok slik at me må ete dei. Men då må dei vera kokte! Men eg har ikkje lyst. Det må bli maur i så fall.

 

Yusuf Isa Magomedovitsj Khadsjijev (11)

Foto: Janne Nerheim

Har du ete insekt?

– Nei.

Vil du ete insekt?

– Nei, det har eg ikkje lyst til.

Kvifor / kvifor ikkje?

– Dei er ekle og mange av dei er slimete.

Trur du me må ete meir insekt i framtida?

– Nei, eg trur ikkje det. Me har anna mat vi kan ete.