Kva norske insekt kan du ete?

Kvifor ikkje gå ut for å plukke ein levande middag? Insektforskaren kjem med sine beste tips. 

– Det finst faktisk insekt i norsk natur som me kan ete, fortel insektforskar Geir Søli til Forskning.no.

Men ikkje spring ut i hagen eller skogen med det same – du må skaffe deg ei insekt-bok fyrst. Det kan du låne på biblioteket. I tillegg må du ha med deg ein vaksen på tur.

I boka kan du finne bilde av insekta, og du kan lese om dei er giftige. 

Bra for miljøet

– Du kan til dømes ete krattsneglar, hagesneglar og dei små sneglane du finn i strandkanten. Alle desse er ganske vanlege. Dei store sneglane, som brunsneglar, passar ikkje som mat, fortel Geir Søli.

Mange meiner at det ville vore bra for miljøet om fleire menneske et insekt i staden for kjøt. Å produsere så mykje kjøt som me gjer på jorda no, er ikkje bra for klimaet. Oksekjøt er verst, så kjem svin og så kylling og laks. Aller best er det om me et meir planter og insekt. 

Desse insekta kan du ete:

  • Maur
  • Nashornbille og gullbasse
  • Sommarfugl-larver (men ikkje om dei er hårete!)
  • Krattsneglar, hagesniglar og dei små sniglane du finn i strandkanten

Giftige insekt:

  • Nokre insekt er giftige. Dei kan vera farlege å spise. Vi må til dømes ikkje ete hårete larver eller bloddråpesvermarar.
  • Nokre av insekta er giftige sjølv om dei ikkje ser giftge ut. Det er difor du MÅ ha med deg ei insekt-bok når du skal leite etter insekt i naturen.

Dette må du passe på:

  • Ikkje plukk insekt ved ein åker. Der kan insekta vera forureina av stoff som bonden nyttar på åkeren. 
  • Du må gjennomsteike eller koke alle småkryp før du et dei. Det er kun eitt insekt i den norske naturen som du ikkje treng å steike. Det er mauren.