Mora til Greta Thunberg deltok i Eurovision Song Contest i 2009 | Framtidajunior.no

Mora til Greta Thunberg deltok i Eurovision Song Contest i 2009

SJÅ VIDEO: Mora til Greta Thunberg i Eurovision Song Contest 2019.

20. august 2018 starta Greta skulestreiken sin heilt åleine framføre Riksdagen. No er ho verdskjend og har starta ein klimakamp som millionar deltek i.

Det mange kanskje ikkje veit er at mora hennar representerte Sverige i Eurovision Song Contest i 2009 med songen «La Voix» som er fransk og betyr «Stemma» på norsk. Kanskje det var stemma til dottera Greta ho song om?

Eurovison Song Contest er den internasjonale finalen i Melodi Grand Prix.

Fakta om Greta

Greta Thunberg er født 3. januar 2003.

Hennar fulle namn er Greta Tintin Elenora Ernman Thunberg.

Foreldrene heiter Malena Ernman og Svante Thunberg.

Søstera heiter Beata Thunberg.

(Kjelde: Wikipedia)

Kva meiner du?

44 svar

Treng me kvinnedagen?

Trykk på eit svar for å sjå kva andre meiner. Vi lagrar ikkje kven som svarar.

Les vidare

Utforsk meir