Undersøking: Frp- og KrF-veljarar trur mest på spøkelse

Personar som stemmer Kristeleg Folkeparti eller Framstegspartiet, trur mest på at spøkelse eksisterer, ifølgje ei ny undersøking.

Trur du på spøkelse? Du er ikkje åleine om du gjer det.

40 prosent av KrF-arar og 37 prosent av Frp-arar svarer at «noen hus og bygninger kan være hjemsøkt av ånder», ifølgje undersøkinga til Institutt for kyrkje-, religions- og livssynsforskning (Kifo).