Ekspertane frykter at det snart er for seint å redde Amazonas

– Det er krise, seier Regnskogfondet om brannane og avskoginga i Amazonas.

Det er ikkje uvanleg at det brenn i Amazonas. Men, det har aldri vore så mange brannar før. 72.000 brannar har det vore så langt i år, og Regnskogfondet meiner dei fleste brannane er starta av menneske.

– Det vi ser no, trur vi skjer fordi fleire menneske tek seg til rette i skogen, seier generalsekretær Øyvind Eggen i Regnskogfondet til NRK.

Ut av kontroll

Mange bønder startar brannar fordi det er ein rask og billig måte å rydde skog på. Dei hogg ned trær dei skal selge, så brenn dei resten. Mange av brannane kjem ut av kontroll. Bøndene startar dei ulovlege brannane for å rydde plass til storfe eller åkrar.

Dersom Amazonas forsvinn, vil det tilsvare 140 år med menneskeskapte klimautslepp. Naturen i skogen vil gå tapt for alltid. Mange menneske som er avhengige av naturen, vil miste livsgrunnlagt sitt, seier Eggen i Regnskogfondet til NRK.