– Det er dyreplageri å bruke ekte dyr

Hennie Norbakken (10) speler rolla som Kamomilla i Sirkus Jesper. Ho er glad det ikkje er levande dyr i sirkuset.

Hennie kjem frå Oslo, men bur i Kristiansand. Ho har spela teater sidan ho var 5 år. Dette er hennar andre år i sirkuset i Dyreparken.

– Det er ganske fint at det ikkje er levande dyr med. Det blir dyreplageri. Eg tenkjer det er betre utan ekte dyr, seier ho.

ROBOT: Kamomilla og tante Sofie ser på skilpadda som er med i sirkuset. Det er ei robotskilpadde.

Ingen blir skuffa

Ho tenkjer at det kan vera litt underleg at sirkuset er i ein dyrepark, men utan dyr på scena.

– Det er jo så mange dyr her, men dei skal ikkje opptre slik. Eg har ikkje høyrt om nokon som har blitt skuffa over at det er slik det er her, seier ho.