SJÅ VIDEO: Dyrepassar-Thomas trenar sjøløver

Kva gjer ein dyrepassar som har ansvar for sjøløvene i Noregs største akvarium? Framtida Junior møtte Thomas Østerhus som er trenar for sjøløvene Kim (18) og Amy (8) i Akvariet i Bergen.

I Akvariet har sjøløvene ein dam dei bur i. Her kan dei svømme, leike, trene, ete fisk og helse på publikum. 

LES MEIR: Petra (7): – Å! Der ser eg ei sjøløve!

– Vi startar dagen med å sjekke at alle dyra har det bra. Då gir vi dei nokre bitar med mat, slik at vi ser at dei er friske og fine. Vi trenar sjøløvene fem gonger kvar dag. Då trenar vi på ulike ting, og nyttar også høvet til å sjekke at dei er friske. Vi gjer også reint hos dei, fortel Thomas.

Artikkelen held fram etter bileta.

Foto: Janne Nerheim
Foto: Janne Nerheim
Foto: Janne Nerheim
Foto: Janne Nerheim

To jenter

Det er to sjøløver som bur i dammen.

– Dei heiter Kim og Amy. Kim er ein litt beskjeden type. Ho er sprek og elskar å trene – og til dømes gjere saltoar. Så har vi Amy som kan vera ein liten rakkar. Det er fart i ho, og ho likar veldig godt at vi kjem for å trene ho. 

Frå Nederland

Dei to sjøløvene kom til Akvariet i 2012. Før det budde dei i Nederland. No trenar dei og har framsyning for publikum på Nordnes i Bergen.

– Vi trener sjøløvene med å løna dei med godbitar om dei gjer noko vi vil dei skal gjere, og vi ignorerer dei om dei gjer noko vi ikkje ønskjer. Vi straffar dei sjølvsagt aldri. Viss sjøløvene ikkje har lyst å trene ein dag, er det heilt greitt. Dei får uansett all den maten dei treng, fortel Thomas.