Petra (7): – Å! Der ser eg ei sjøløve!

Petra Viktaravna Niamera Jansen (7) er på besøk i Akvariet. Ho kjem frå Minde i Bergen, og har vore på besøk hos sjøløvene fleire gongar.

– Sjøløvene er ganske søte. Det er morosamt å sjå på dei, og det er fint at dei høyrer etter kva trenaren deira seier. Ein gong eg var her, klarte ei sjøløve å halde ein ball på nasa si. Lenge! 

Foto: Janne Nerheim

– I dag la eg merke til at sjøløvene lagar ein spesiell lyd, og eg tenkte at den lyden var veldig annleis enn lydar eg har høyrt før. Det var litt slik lyd som pingvinane lagar. Den likna litt, men var mykje mørkare.

SJÅ VIDEO: Dyrepassar-Thomas trenar sjøløver

Kjem tilbake

Petra veit ikkje om ho vil bli dyrepassar, men ho veit at ho kjem til å besøke dyra på Akvariet fleire gongar. 

– Å! Der ser eg ei sjøløve!

Rakkaren Amy kjem svømmande forbi i full fart berre nokre få meter bak der Petra står. Ho stuper ned att i dammen, og Petra vinkar farvel for denne gong.