Viktig med high five i fotball-VM

Du bør vera glad i high fives viss du vil spele VM for Noreg. Gjerne også augekontakt, skriv Aftenposten.

Aftenposten talte alle gongane dei norske fotballspelarane klaska hender med kvarandre under oppvarminga. Dei kom fram til at dei gjorde det det minst 640 gongar.

I garderoben, før spelarane gjekk ut til publikum, ga dei kvarandre ein dobbel high five. Berre det blei 224 slag.

– Vi får «ein connection» til kvarandre. Det er ikkje berre ein high five, vi skal også ha augekontakt når vi gjer det, forklarar venstreback Kristine Minde til Aftenposten.

«Connection» tyder «forbindelse» på engelsk.

Ein god “vibe”

– Du får positiv energi, og det seier at vi er saman om dette, seier ho.

Fotballspelerane gir kvarandre high five både før, under og etter kampen.

Lisa-Marie Karlseng Utland meiner det skapar «ein god vibe» i laget. «Vibe» tyder «atmosfære» på norsk, altså at ho kjenner det skapar ei god kjensle mellom ho og dei andre i laget. Også ho får energi av å gi og få high fives.

Noreg er ute av VM etter at laget tapte mot England i går.