–  Eg vil påverke det som skjer

Nanna Nielsen (10) drøymer om å jobbe som politikar. Ho likar ikkje å oppdage at vaksne bestemmer noko utan at ho og andre barn får vera med på diskusjonen.

Kommunereforma så langt:
  • 119 kommunar skal slåast saman til 47 nye kommunar
  • Nesten 1 av 3 innbyggarar får ny kommune
  • 9 av 15 største kommunane er nye i 2020
LES FAKTALUKK FAKTA

Framtida Junior sin juniorjournalist møter Nanna Nielsen ved rådhuset Sørumsand i Sørum kommune. Ho er nemleg med i Fellesnemda Ung som er barn og unge si stemme inn i arbeidet med ei kommunesammenslåing. Frå 1. januar 2020 skal nemleg 119 kommunar slåast saman til 47 nye kommunar.

Vi får vera med på å bestemme korleis den nye kommunen skal bli. Fet, Skedsmo og Sørum skal slå seg saman til Lillestrøm kommune, fortel Nanna. 

Vegen inn i politikken

Nanna sin veg inn i lokalpolitikken starta med at ho engasjerte seg i elevrådet. På nyåret i 2018 fekk ho beskjed om at ho kunne stille til val for å bli med i Fellesnemnda Ung. 

Eg måtte halde ein tale for ordføraren og ein del andre vaksne og barn på Rådhuset for å bli valt. Eg snakka om saker som opptek meg, mellom anna at vi har eit ledig hus i området der eg bur. Eg meiner vi burde bruke huset som ein samlingsstad for barn og unge. 

Viktig å delta

– Kvifor er det viktig å engasjere seg i lokalpolitikken?

Viss du ikkje engasjerer deg skjer det plutseleg noko du ikkje har fått med deg, Noko du ikkje ønskjer at skal skje. Alt det vaksne bestemmer går jo også utover oss barn og unge, så vi må seie kva vi meiner.

Vil på Stortinget

Nanna har veldig lyst å bli politikar når ho blir vaksen. Målet er Stortinget.

Eg vil fyrst melde meg inn i eit ungdomsparti. Veit ikkje kva parti enno. Kanskje MDG. Eg er veldig oppteken av klima. 

Klima og miljø er ein stor grunn til at ho engasjerer seg. 

Vi må finne ut korleis vi kan passe på jorda vår. Korleis vi kan få det til å funke i praksis samstundes som vi tenkjer med hovudet. Vi må til dømes gjere det enklare å nytte kollektivtransport, og vi må få på plass fleire søppelspann. Helst dei som sit fast i bakken, slik at ingen kan øydeleggje dei. Eg meiner også at vaksne i arbeid burde ha minst ein vegetardag i veka i kantina på jobben.