Veit du kvar orda skateboard, kiwi og sjokolade kjem frå?

Mange ord du bruker kjem frå den andre sida av jorda.

Det finst mange utanlandske ord i språket vårt. Til dømes “skateboard” som er eit engelsk ord, “kjendis” som er eit svensk ord, eller ordet “sjokolade” som kjem frå Mexico, skriv Ung.Forskning.no.

Det er lov å stele ord. Det skjer også med norske ord. Til dømes “ski”. Det er eit gamalt norsk ord, men både England, Tyskland og Frankrike bruker det.

Ord reiser rundt jorda

Ung.Forskning.no har snakka med språkekspert Pål Kristian Eriksen om kva ord som har reist lengst rundt jorda for å komme hit til Noreg.

– Frå maori-språket på New Zealand har vi fått ordet “kiwi”, seier Pål Kristian Eriksen. Han jobbar i Språkrådet.

New Zealand ligg heilt på den andre sida av jorda. Eigentleg var det ein fugl som blei kalla “kiwi”, men folket på New Zealand ga namnet til frukta då dei skulle starte å selge fruktene til utlandet. Då ville dei ha eit ord som kom frå deira land.

Likar sjokolade

Men det er eit anna ord som er Pål Kristian sin favoritt. “Sjokolade”!

Ordet kjem frå eit språk som heiter nahuatl. Det er dei gamle aztekernes sitt språk i Mexico.

– Eg likar det fordi nahuatl er eit kult språk og fordi sjokolade er digg!, sier han.